Jul i januar!

Mange ortodokse kristne feirar julaftan i dag på den 6. januar, dagen då mange kristne i vest avsluttar julefeiringa. I år må den ortodokse julefeiringa her til lands bli nokså avdempa, når landet no har stengt ned igjen pga. smittesituasjonen. Møre bispedøme vil gjerne ønska våre ortodokse søsken i trua til lukke med julefeiringa, også dette året. Her til lands gjeld dette til dømes mange kristne innvandrarar som har sine eigne kyrkjelydar. Nokre av dei låner lokale til gudstenestefeiring av Den norske kyrkja.

Jul i januar!

Mange kyrkjelydar i Møre bispedøme har også misjonsprosjekt med organisasjonar som arbeider i Midtausten. Der er det store ortodokse kyrkjesamfunn som no går inn i julefeiringa si. Det er viktig at me held kontakten med desse søskena våre og tar dei med i forbøn. Mange av dei lever under vanskeleg kår og er under press frå mange hald.

Forskjellen på to veker mellom dei to tidspunkta for julefeiringa, har bakgrunn i kalenderen.  I år 1582 innførte fleire land i Vest-Europa den gregorianske kalenderen. Denne avløyste den julianske kalenderen, som ikkje var heilt nøyaktig, og etter kvart hadde komme nokre dagar i utakt i høve til solåret. Norge og Danmark innførte den gregorianske kalenderen i år 1700, men dei store kyrkjene i aust har halde på den gamle kalenderen. Derfor feirar dei jul to veker etter oss.

Kristne i Vest-Europa har tradisjonelt feira Kristi openberringsdag den 6. januar, men i Den norske kyrkja er den blitt flytta til første søndag etter nyttår.  I folkeleg tradisjon har likevel 6. januar halde seg som «Heilage tre kongars fest», der me feirar vismennene som kom frå austerland og bar med seg gåver til barnet.   Dette er også 13. dag jul, og for mange betyr det slutten på julefeiringa, medan andre held juletida gåande heilt til 20. dag, eller til og med til Kyndelsmesse 2. februar. I vår moderne tid, når jula byrjar tidlegare og tidlegare kvart år, er det mange som er lei av det heile når julaftan er over. Men når me tenkjer på at mange kristne faktisk byrjar julefeiringa si i dag, gir det meining å venta litt med å kasta juletreet ut enno.

Dessutan går juletida over i openberringstida. Dette er ei tid som kastar lys over kven Jesus er, og kvifor han kom til jorda. I vår kyrkje er openberringstida ei særleg misjonstid, og mange stader – i normale tider iallfall – er det særleg fokus på kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt.  Du kan lesa meir om dette i denne artikkelen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"